Tidlegare i haust var det gjort storfangst under stamlaksfisket. Ein stor hanlaks på 14,5 kg og ein holaks på 7,3 kg vart fanga inn, og no skal dei i felleskap føre gode gener vidare for å sikre todalslaksen. Dei to i felleskap må ha dei beste førutsetningane for å få til det, og mannskapet på Rossåa settefisk har nerast vore på tå hev for å passe på dette paret som har gått i kvart sitt vasskar i settefiskhuset.
Tysdag var tida inne for å stryke dei, og mannskapet på settefiskanlegget rigga seg til etter alle kunstens regler for å få eit vellykka resultat av dette «svermeriet». Stryking var vellykka, og det vart bra med melke frå den store hannfisken og hofisken hadde faktisk heile 13.800 rognkorn å bidra med.
Etter at strykinga var ferdig var det full prosess med desinfisering og befruktning og transport etter alle kunstens regler ned til anlegget ved Rossåa. Der vil dei nok etter kvart utvikle seg til «nye» todalingar og om eit par år er dei nok klare til å bli sendt ut på livet i Toåa og vidare ut i havet for å kanskje kome att som storlaks etter nokre år- må vi tru!