Surnadal taekwon-do klubb var godt representert da over hundre deltakarar frå 10 klubbar var samla til Nordvestmeisterskap i taekwon-do i Larsgårdhallen i Ålesund. Med ti deltakarar frå klubben – 4 frå Ålvundeid og 6 frå Surnadal markerte medlemane seg godt på resultatlista. Frå Todalen deltok Sindre K. Bruset, som tok bronse i mønster og sølv i sparring.
Eit utdrag av premieliste er eit tydeleg bevis på at dei lokale utsendingane frå Surnadal taekwon-do klubb så absolutt hevdar seg på banen og at det «gror godt» i klubben.
Sindre K Bruset Dan
Bronse i mønster og sølv i sparring
Marit Øverås yngre junior gult/grønt belte
Sølv i mønster og sparring
Heidi Fiske yngre junior blått/rødt
Gull i mønster og gull i sparring
Ragnhild Berg yngre junior blått/rødt
Sølv i sparring og bronse i mønster
Aurora D Berle Dan
Sølv i mønster og gull i sparring
Una L Gravvold Dan
Bronse i mønster og bronse i sparring
Kari Hausberg Dan
Gull i mønster og gull i sparring
Stig Oldervik blått/rødt
Sølv i sparring
I tillegg til 10 deltakarar stilte klubben med 2 dommara i mesterskapet som vart arrangert i Larsgårdhallen i Ålesund.
Takk til Jostein Bruset og Kjersti Langeland for bilder frå aktivitetane i Larsgårdhallen i Ålesund.