Henning Quintetten har våre på ein seinsommarleg miniturne, med førestilling i Tingvoll kyrkje laurdag og Todalen kyrkje søndag ettermiddag. Mellom førti og femti let seg lokke på konsert i Todalen kyrkje for å høre «Henning-tonar». Nokre var kanskje førebudd på at dei fekk høre tradisjonelle Vårsøg-tonar på denne konserten, men dei fikk i tilfelle ei heilt anna musikalsk oppleving enn dei forventa.

Dei 6 «qvindene» i Henning Qvintetten ga oss ein flott og livaktig konsert, nærast som eit musikalsk fyrverkeri. Noko heilt anna enn den tradisjonelle Henning-musikken vi er vant med, men det var ei veldig artig førestilling og profesjonellt framført av dei 6 damene i Henning-Qvintetten. Marthe Belsvik Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), Berglind Haldorsdottir (klarinett), Magnhild Tafjord (horn), Ingunn Fjellang Sæther (fagott) og Sigrid V. Bøe (song). Sigrid er vi godt kjent med i Todalen kyrkje, både gjennom samarbeidet mellom Todalskoret og Åsskard kyrkjekor og anna opptreden. No er ho student ved Musikkkonservatoriet/NTNU i Trondheim.

Konserten i Todalen kyrkje er deiras siste for i år, men vi får nok høyre meir frå disse damene. Dei har og planer om å samle meir Henning-musikk på plate, så kanskje neste trekk blir CD-produksjon.