Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Henning-stipendet delt ut i Storstuå i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. mai 2024

Da Henning Sommerro fylte 70 år fekk han som gåve frå Surnadal kommune 25 000 kroner, som han kunne gje vidare som stipend til unge talent frå Surnadal kommune. Juryen i Henning-stipendet består av Henning Sommerro, ordfører Hugo Pedersen, kulturskolerektor Torbjørn Larsen og kulturleiar Lilli Husby. I dag, under Henning-timen i Storstuå på Surnadal kulturhus vart årets Henning-stipend delt ut. Det var varaordførar Annett Ranes som delte ut stipenda. 

Ho representerer ordførar Hugo Pedersen i dag. – Han helser og beklagar at han måtte prioritere eit anna møte; sa Annett Ranes under utdelinga.- Eg har fått fortalt at Henning ønskjer støtte unge som er interessert i ulike
kulturuttrykk – som musikk, komposisjon, litteratur, visuell kunst, dans, teater,
kunsthandverk, film, animasjon, grafisk design og dataspelprogrammering, la ho til.

Hennings-tipendet er ikkje ein pris for noko ein har oppnådd, men heller ei hjelp på vegen for å utvikle seg innafor noko ein likar å halde på med.

Kriteria for å søkje på Henningstipendet er:

• At du er mellom 13 og 20 år
• Dette er ikkje ein pris for noko du har oppnådd, men hjelp på vegen
for å utvikle deg på noko du liker å halde på med.
• Du kan vere kulturskule elev, eller elev ved ei eller anna kulturline på
vidaregåande, eller du kan drive med ein hobby heime på ditt eige
rom.
• Du har bustads adresse i Surnadal, men elevar eller studentar opp til
og med 20 år, som bur på hybel kan sjølvsagt òg søkje.

I år vart det delt ut tre stipend, to innanfor musikksjangeren og eitt innanfor teater/musikkteatersjangeren.

Henningstipendet i år er på 5 000 kroner og går til:

Søskena Holten, Karianne, Johanne og Sigve – Musikk
Martin Phil Strand – Musikk
Jannicke Valstad Stenberg – Musikkteater

Vi gratulerer med tildeling!

Publisert: 24. mai 2024, 12:27