Litt over to år etter at hengebrua over Toåa i Brusetmarka over til Heggøysida, fekk skade av vind, har stormen som herja i går ettermiddag og kveld skada den ytre wiren slik at hengebrua har vorte skeiv. Svenn Rune Kjølstad, som er nabo til hengebrua, advarer på Oppslagstavle Todalen folk å ferdast over brua, spesielt no når det er snø og is, advarer han.

Stormen som herja i går ettermiddag og kveld har ført til skadar på hengebrua. Foto: Svein Håvard Brøndbo
– Vi må sjå på korleis vi skal leparere hengebrua, og kor mykje dette vil koste, seier leiar i Todalen bøgdalag, Svein Håvar Brøndbo. Todalen bøgdalag har ikkje all verden med midler, men hengebrua er viktig for bygda, så vi må sjå om det finst ei løysing for å få den reparert, legg han til.

Hengebrua har blitt skeiv som følge av at den ytre wiren har vorte skada i stormen i går. Foto: Svenn Rune Kjølstad
Da får vi håpe det let seg gjere å finne midlar til å reparere hengebrua, da dette er ei viktig bru for mange. Til slutt gjentek vi advarselen frå Svenn Rune om å ikkje ferdast på brua.