Ein skal kankje ikkje skulde på Gyda, det som stormen har herja med i natt. I nattens mulm og mørke har iallfall Hengebrua ved Heggøyann fått hard medfart, og er såleis stengt inntil vidare. Det er gangbanen som er vrengt, slik at det ikkje er muleg å ta seg fram over brua slik som den ligg no.
Kristen Bruset fortel at det var veldig sterk vind i området i kveldinga, søndag kveld, og det er mest sannsynleg da det har skjedd. I dag er det nok fiskarar og trimmarar som er dei mest habile brukarane av brua – i tillegg til lokalbefolkninga. No må nok skaden vurderast og takserast med tanke på reparasjon. Men skaden no ser ut til å være mindre enn sist brua var renovert – i 2002, seier Bruset.