Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Helvete er de andre»

Steinar Hasselø Laurdag 22. april 2017

«Helvete er de andre» kjem til Surnadal kulturhus torsdag 27. april kl. 19.00. Utgangspunktet for stykket er dei filosofiske tekstene til franske Jean Paul Sartre. Gjennom ei leiken og teatral form sett Teatret Vårt Sartres idé om helvete opp mot vår tids ønske om å bli sett av andre.

Er vi frie når vi heile tida veit vi har eit publikum? For vi «opptrer» på facebook, på snappar, i korleis vi kler oss og i all anna menneskeleg kontakt. Er vi frie når vi heile tida bygger opp eit image gjennom ulike sosiale medie. Vi vel da sjølv korleis vi skapar oss til? Eller ser vi på oss sjølve gjennom augo til andre, for å leve opp til forventningane vi kjenner utanfrå? Er vi difor fanga i ei tvangstrøye – eit slags helvete?

Dette er av spørsmåla som Teatret Vårt tek opp i «Helvete er de andre». Regissør Eline Arbo har skrive eit stykke om kor fritt individet kan ha det i ei tid der det er om å gjera å eksponere seg sjølv på ulike arenaer. 

Teatret Vårt utfordrar Sartres påstand om at vi ikkje lenger er frie om vi ser på oss sjølve gjennom andre. Det er lett å fordømme vårt overfladiske samfunn som viser fram det perfekte på ulike sosiale medie. Men kan ein ikkje seie at vi også er frie i og med at vi kan manipulere vår eigen identitet slik vi sjølv vil?

(Alle foto: Arild Moen)

Først publisert: 22. april 2017, 03:00 - Sist oppdatert: 21. april 2017, 22:29