Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Helsing frå California

Helsing frå California

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. januar 2010

Olav og Jean Kvendset har sendt helsing fra Pope Valley i California. Olav skriv at dei er faste lesarar på Todalen.no og set pris på nytt frå Todalen kvar dag. Heime hos dem er det grøne plener og det må være litt uvant for ein kvennsetgarding å drive med plenslått midtvinters?
Olav har sendt oss litt sjøis-historie frå krigens dager som du kan lese nedafor, og vi takkar for helsinga. Han skriv:
Mange kuldegrader og frostrøyk over Todalsfjorden fekk meg til å tenkje på vinteren 1943 da fjordisen låg heilt ut til Aksneset – Vågbølandet. Møbelproduskjonen i bygda gjekk for fullt, både på Talgøs , Vestrum og Elvestad. Å få dei ferdige produkta ut av bygda var ikkje enkelt. Lange karavaner med hest og slede vart løysinga fram til fjordisen var sterk nok til at dei kunne kjøre med lastebil. Samvirkelagsbilen med Anders ved rattet gjorde mange turar på isen ut til Kvanne. Det hendte også dei batt ein hestslede bakom bilen og leste på møblar. Dei mest frimodige gutungane kraup inn mellom stolrammene og vart med som blindpassasjerer til Kvanne. Sikkert moro.
I februar -43 måtte også general von Paulus gje tapt ved Stalingrad på grunn av langvarig sterk kulde. Frå da av gjekk det berre ein veg for dei tyske styrkane, men enno skulle krigen vare meir enn to år og koste millioner av menneskeliv.

Først publisert: 12. januar 2010, 00:00 - Sist oppdatert: 11. januar 2010, 22:15