Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Helsekveld i Todalen ungdomshus

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. september 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til helsekveld torsdag 30. september i Todalen ungdomshus kl. 19:00. Fastlege Kari Løvendahl Mogstad innleier om eit svært aktuelt tema, nemleg pårøranderolla for personar med demens og kognitiv svikt.

I tillegg vil Helga Bele og Solveig Haglund orientere om Inn på tunet – lokale tilbod for personar med demens og kognitiv svikt i Bæverfjord og i Surnadal; – spennande og banebrytande opplegg.

Sanitetsforeninga har invitert medlemmer frå sanitetsforeiningane i Surnadal, Rindal, Straumsnes, Halsa og Ålvundfjord til Ungdomshuset denne kvelden.

Det blir enkel servering og loddsal.

VEL MØTT!

Her er plakaten:

Publisert: 28. september 2021, 12:00