Dagens gudsteneste i Todalen kyrkje samla mange tilhøyrarar, og fekk «drahjelp» frå deler av P17-koret som nok var med og løfta salmesongen til glede for oss alle. Helgemessa – eller allehelgensgudstenesta skal hjelpe oss å minnast dei som har gått ut av tida det siste kyrkjeåret. Derfor var det minnestund og lystenning, og det var høve for alle til å tenne lys og sette i lysgloben.

Sokneprest Pål Arne Winsnes mintes dei som hadde gått ut av tida det siste året i sin preken. Foto Jon Olav Ørsal
Tema for dagens preken var korleis vi brukar allehelgenssøndagen til å minnast dei som hadde gått bort det siste året. Dagens takkoffer gikk til konfirmasjonsarbeidet i kyrkjelyden, og neste års konfirmantar Jens Ancho og Trygve Alexander deltok i gudstenesta. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe i regi av soknerådet.

Turid Røen Kroknes og ei gruppe frå P17-koret var med og forsterka salmesongen under gudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal
Neste gudsteneste i Todalen kjem søndag 8. desember, og er kveldsgudsteneste med start kl 19:30. Elles blir det jul- og adventskonsert søndag den 1. desember kl 15:00. Trekkspelkonsert med Mathias Kallvatsvik blir det også – det skjer i Øye Kyrkje – her er datoen 13. november og tida er 18:00. Alt dette kjem det meir info om etter kvart.

Arbeitet med å reparere tag og gluggar i tårnet på kyrkja har godt bra og kan snart avsluttast for denne gong. Foto Jon Olav Ørsal