Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Helgemesse i kyrkja

Innsendt av Bernt G. Bøe Onsdag 30. oktober 2024

Både vemod og lys pregar gudstenestene denne helga. Helgemesse – Allehelgens – er ein søndag med mange minne og sterke tankar.
Fast ledd er lystenning for kvar av dei som døde siste året. Pårørande får særleg invitasjon til kyrkja, der gudstenesta startar til vanleg til kl 11 i Todalen kyrkje.

Samtidig er dette også ein fellesskapets dag. Tekster og musikk understrekar både ettertanke og håp.  I Surnadal er det gudstenester i Ranes, Todalen, Stangvik, Mo og Åsskard. Av musikkrefter
som deltek, nemner vi gruppe frå koret P17 med solist Turid Røen Kroknes – i Todalen og Åsskard. Dei syng blant anna utdrag frå «Allehelgensmesse» av Egil Hovland.
Også på kyrkjegardane tenner mange lys denne helga.

Vil du trene på salmesongen så har du lista nedafor her:
Desse blir bruka – NB: i Todalen, Stangvik og Åsskard:
489 BLOTT EN DAG
977.4 Hallelujaomkved
818 O BLI HOS MEG (i Todalen nynorsk: Å ver hjå meg, men same nummer: 818 )
608 NÅR VI DELER DET BRØD
882 EG VEIT I HIMMERIK EI BORG

 

Publisert: 30. oktober 2024, 12:26