Ola Bruset og Nils Ove Bruset nytta finvêret sist helg til jakttur til Snøhettaområdet. Nils Ove har tildelt dyr der, og Ola var med som «sherpa» og fotograf. Resultatet av jakta vart heller magert, men dei hadde ei fantastisk fin helg i fjellet. Ola har sendt oss nokre bilde som vi legg ut som fotogalleri nedafor.
Her finn du mange fine bilete frå turen. Dei hadde ein fantastisk utsikt i den klåre haustlufta. Alle foto: Ola Bruset