Å lage soplimar var såkalla «eldsjøsarbeid» i gamle dagar – det vil seie at det var noko ein kunne gjera utan at ein hadde god belysning. Onsdag kveld var det kurs i soplimproduksjon i fjøset på museet på Åsen. Med Gudmund Kvendset som instruktør fekk kursdeltakarane god innføring korleis ein skulle utføre det gamle handverket.
Med eit lite titals deltakarar fekk vi grundig innføring i korleis ein skulle hente ut bjørkeris frå skogen – helst etter lauvfall, slik at ein spara arbeidet med å fjerne lauvet på riset. Egentleg er det veldig enkelt å lage soplimar, for et einaste du tren av råvarer utanom bjørkeriset er eit bit med galvanisert streng for å binde i hop soplimen.
Gudmund hadde lært seg kunsten da han var gutunge og faren vare læremeister – seinare har det vore meir tilfeldig med produksjon til eige behov og litt produksjon for sal på julemesser når det har høvd slik. Men på kurset var det som sagt eit titals deltakarar som fekk lære kunsten – trinn for trinn gjennom heile prosessen – og så sette dem i gang med å lage seg sin første soplim.
Kurset er eit samarbeid mellom Nordmøre museum si avdeling i Surnadal og Todalen historielag. – veldig fint at vi kan få til eit slikt samarbeid seier Maja Frønes som er lokal leiar for museet og John Moe som er leiar i Todalen historielag.