Den travle sesongen med samling av honning ebbar ut for biene når sommaren tek slutt. Da trekkjer dei seg attende til bikubane for først å forebu seg på vinteren og så på ein ny sommarsesong. Da har nok biene planlagt at dei skal leve godt på honningen dei har samla gjennom sommarsesongen, men der blir dei grundig lurt!
Birøtarane samlar inn honningen, og foredlar denne slik at den kan fyllast i boksar og glas for eige bruk eller sal til privatpersonar eller til Honningsentralen. Dei fleste på lokalplanet driv nok honningproduksjonen mest på hobbybasis.
Anders Talgø i Andersstua har nokre bikuber i skogkanten ovafor Andersstua. Der har han sett opp ei lita bu, der han har samla utstyret han brukar når han driv stell av bikubane som er plassert like ved bua. Biene har forlengst gått til ro i bikubane, og held seg der så leng det er vintertemperatur. Da er det nok ingen honning å hente ute i naturen. Men det er liv og røre i kubane – når Anders lettar på lokket fikk vi sjå at det var full aktivitet i kuben, der dei held seg varmen gjennom vinteren. Og når vi antyda at dei blir lurt, så stemmer nok det. For dei får ikkje honning å leve av gjennom vinteren, med derimot blir dei fora med sukkerlake – og den inneheld nok mykje energi, slik som honningen.
Når våren kjem finn dei den første maten på selja, som er først ute. men etter kvart kjem fleire sortar, og da er det blåbær- og tyttebærlyng, og særlig bra er røsslyngblomsten når det lir utpå sommaren.
Biene har imidlertid ein viktig jobb å utføre, i tillegg til å samle honning. Dei sørger for bestøving av frukt og bærblomster, og hjelper dermed til og sikrar større avlingar. På verdensbasis er det imidlertid stor nedgang i bestanden av bier og det er bekymringsfullt på sikt. Det kan nemleg føre til reduserte avlingar og dermed sult.
Anders Talgø er aktiv i den lokale birøktarforeninga, og dei har dei siste åra arrangert kurs i birøkt, og dermed stimulert fleire til å bli med. Dersom det er interesse vil foreninga starte på eit nytt nybynnarkurs til våren, – så er du interessert er det berre å ta kontakt med Anders Talgø.