Forrige veke gjennomførte Nordmøre heimevernsområde årets trening i Surnadal. Dette foregjekk hovedsakleg på Angråmyre skytebane, men med ein feltdel ute blant publikum. Både ved Surnadal Kommunehus, Kvanne fergekai og industrikaia i Surnadal var det aktivitet.
Supplement til den sivile krisehåndteringa
Hensikten med treninga var å forbedre det lokale HV-områdets evne til å løse pålagte oppdrag og auke den generelle evna til beredskap. Terrorhandlingane 22. juli 2011 og ekstremvêret Dagmar som ramma nordvestlandet har kvar på sin måte økt fokuset på Forsvarets moglegheit til å støtte det sivile samfunnet i forbindelse med krisesituasjoner. Sjølv om Forsvarets bistand normalt er eit supplement til sivile myndighets krisehåndtering, bidrar de til det sivile samfunn i et stort spekter av situasjoner, frå opprydding av oljesøl, leiteaksjonar, uvêr og håndtering av terror.
Øvinga starta med to dagar på Angråmyra, med fokus på grunnleggande soldatferdigheiter og forbereding til løysing av oppdrag seinare ut i veka. Dette inkluderte leksjonar innan blant anna skyting, førstehjelp og maktanvendelse. Ellers stod lagførarar og troppsbefal forholdsvis fritt til å forberede oppgaveløysinga som var tildelt seinare i veka.
Feltdel blant publikum
Frå onsdag var det klart for feltdel. Scenarioet var at det skulle gjennomførast transport via industrikaia og fergekaia på Kvanne. I tillegg var det ein tenkt trussel mot kommunehuset i Surnadal. Ein del av soldatane i området var teke ut som markørar, som vil seie skodespelarar som skulle stå for utfordringar eller konfrontasjonar under øvinga.
Heimevernet overtok sikringa av kommunehuset frå politiet midt på dagen onsdag, og heldt vakt det neste døgeret. I tillegg var det partruljering i nærområdet og langs vegane.
Områdesjef for distriktet, Stig Cato Magnussen, fortel til Todalen.no at alle som har stilt objekt til disposisjon til øvinga har vore udelt positive. Han fortel også at heimevernets mannskap fant det relevant å kunne trene på realistiske objekter saman med sivilt personell og publikum.
Alle foto: HV 11-202