Surnadal/Søya G16 tok måndag kveld imot Eide og Omegn FK til fotballkamp på ein regntung Søyabane. Surnadal/Søya er eit samarbeidslag og består av spelarar fødd i 2009 og 2010 frå heile Surnadal kommune. Søya/Todalen er representert på samarbeidslaget med Sigurd B. Kvendset, Marius Kvande, Erlend Polden, Olav Gjeldnes, Magnar Vikan, Trygve Aleksander Halle og Jens Sancho H. Ansnes.
Ein kan trygt seie at vêrgudane ikkje varta opp med fotballvêr, for det regna heile første omgang, så da var det lita trøst i at det var opphald bortimot heile andre omgang, for da var alle allereie våte!
Kampen starta med eit kraftig press frå heimelaget, og allereie etter 4 minutt sette Brage Andersen ballen i mål for heimelaget. Heimelaget pressa på og skapte fleire store sjansar, og i det 15. minutt la Varg H. Sæterbø på til 2 – 0 for heimelaget. Bortelaget skapte nokre halvsjansar i perioden, men i det 24. minutt la Sigurd B. Kvendset på til 3 – 0, og berre to minutt seinare sette Even R. Haugen inn heimelagets fjerde mål. Bortelaget reduserte i det 31. minutt ved Lee Mathias Haukås, slik at det stod 4 – 1 til pause.
Andre omgang var berre to minutt gamal når Brage Andersen starta andre omgang omtrent på same måte som første, med å score heimelagets femte mål i det 42. minutt. Etter dette vart det ikkje fleire mål, men båe laga hadde fleire store sjansar utan at ballen hamna i nettet. Så da dommar Kurt Einar Ansnes bles i fløyta for siste gong, så viste resultattavla 5 – 1.
Neste kamp for Surnadal/Søya er mot Molde 2 i Molde den 18. mai.