I dag fyrte Toril Redalen opp sin nybygde omn for brenning av porselen- og terrakottakunst saman med kunstnarkollega Siri Scherve. Å brenne på denne måten hadde Toril aldri prøvd før, og var spent på resultatet. Samtidig hadde ho besøk av tre kunstnarkollegaer som ho saman med utgjer styret i Norsk kunsthådtverkere Midt-Norge.
Dei var i Todalen for å planlegge 40-årsjubileum i foreninga, og det skal da naturligvis markerast i Todalen, seinare i år. Dei hadde litt erfaring med denne type brenning, og det vart etter kvart nokre gode råd å få for Toril.
Det er ting som ho og Siri har laga i leire, – porselen og terrakotta – som no blir brent i omnen, som held mellom 500-og 700 varmegrader. Heile prosessen tek mellom 8 og 48 timar, fortalte Toril som var utruleg spent på resultatet. – og resultatet vart vi lova at vi skulle få sjå når det vart ferdig!