Det er ikkje noko kjøpepizza dei har tenkt å by fram på Quiz- & Pizzakvelden på Todalshytta i kveld. Her er det berre ekte og heimlaga varer grunnen av, fortel Kjell Arve Vikavoll som alt er i gang med pizzabakinga.
Her duftar det ekte pizzafyll og pizzadeigen hevar som bare det. Kl 18:00 i kveld starter programmet med Quiz, med Knut Bergli som quiz-master og så blir det pizza etter kvart.
Vi trur det kan bli ein triveleg kveld, og det er nok mange som gler seg til å traffast etter 2 år med pandemi og heimeliv.