På tur nedover Lykkjebygda fikk vi ideen om å stikke innom MP’s Heimebakeri. Det er Martinus Peder Haugen som driv eit lite bakeriet som er lokalisert til det gamle fjøset i Ytre Lia, der han produserer storbrød, formkaker, knekkebrød, påleggssalatar og mølsgraut. Og varene går unna, blant anna på Mega og Kiwi i Surnadal, på torvet i Kristiansund og hos Joker på Kvanne.
Martinus Peder har leita fram gamle oppskrifter og delvis prøva seg fram for å lage gode varer. For det er slett ikkje noko industribakeri vi er komne til. Det er heimelaga brød og kaker han lagar, der det er lagt vekt på smak og kvalitet. Og dette har vorte skikkeleg populært, og varene går unna.
Kvar onsdag og laurdag går turen til torget i Kristiansund, der han etter kvart har fått mange faste kundar som møter opp for å kjøpe ferske heimbaka brød og nystekte vaflar.