Surnadal Heimbygdlag inviterer til markaslåttkveld på Mo oppvekstsenter torsdag 27. september. Dei byr på eit allsidig program med både video, tekst og samtale, og det er lærar Oddvar Moen som saman med støttepersonar presenterer eit opplegg som skulen egentlig laga på 1980-talet.
Karstein Mauset bidreg med song og musikk, og elles blir det sjølvsagt kaffepause, boksal og utlodding. På programmet står også utdeling av Heimbygdlaget Måldiplom for 2018. Alle er velkomne til slåttekvelden på Mo oppvekstsenter!