Fredag tok alle tilsette på Melby Snekkarverksted seg fri for å dra på Todalsvisitt. Først gikk turen til Talgø MøreTre i Surnadal, der det var omvisning i Royalanlegget før turen fortsatte til Todalen – og ein rask visitt i fabrikkanlegget på Kvennset. Deretter gikk turen vidare til Brusetmarka og Gammelfabrikken som egentleg var hovudmålet for turen.
Det er no tre år sia Talgø fikk tilbud om å gå inn i Melby Snekkarverksted som majoritetseigar. Fabrikken til Melby ligg sentralt på Eide, når du svingar mot Molde. Fabrikken har knappe 20 tilsette, og er ein av landets fremste produsentar av trapper. På Eide har Melby bygd opp eit stort trappestudio i tilknyting til fabrikken, der kundar og leverandørar får sjå litt av det Melby har å by på.
I samband med renoveringa av Gammelfabrikken i Brusetmarka er det no etablert eit troppestudio med produkt frå Melby. Her er det sjølvsagt Melby Snekkarveerksted som ha laga og montert alle trappene som er utstilt. Denne utstillinga vil bli bruka i salsarbeidet når dette går føre seg i Todalen. Det var nok mange Melbytilsette som var spente på utstillinga i Todalen, men eg trur faktisk at forventninga vart innfridd og godkjent.
Under besøket på Gammelfabrikken var det sjølvsagt innlagt traktering. Det var Todalshytta som stod som leverandør av viltgryte med tilbehør, og det fall i god smak etter fleire timar på farten. Fagleg prodram var det og – da HR-sjef Hanne Waag orinterte litt om korleis Talgø jobbar med HR-og HMS i Talgø-selskapa. Og sjølvsagt var det omvisning på Gammelfabrikken og ein liten historietime. Verksemda til Talgø har pågått i 125 år, så Talgøkonsernet har litt av kvart å by på av historisk stoff.
Utpå ettermiddagen satt Tornesbussen kursen mot Eide igjen – klare til å ta fatt på ei ny helg med nmange inntrykk.
Vi har lagt ut eit bildegalleri frå det nye trappestudioet på Gammelfabrikken i Todalen – alle foto Jon Olav Ørsal