Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heider til unge idrettsutøvarar på årsmøtet til Todalen idrettslag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 28. mars 2019

Leiar i Todalen idrettslag, Nils Ove Bruset, var stolt da han på årsmøtet kunne gi heider til to unge og talentfulle idrettsutøvarar frå Todalen. Dei to har i ein alder av 15 og 16 år alt konkurrert i utlandet i løpet av vinteren. Sindre Bruset deltok i januar i Open Dutch i taekwondo i Nederland, og Erik Kårvatn var med på landslaget i rando-VM i Sveits i mars. Båe gutane oppnådde riktig gode resultat! Sindre og Erik kunne fortelje at det var stort å få vera med på dette  – spennande, interessant, lærerikt og artig! Rett nok var dei båe to ganske så spente før dei drog utanlands for å konkurrere, men det vart ei oppleving for livet. «Det er ikkje ofte at todalingar  konkurrerer internasjonalt,» sa Nils Ove og ønskte dei to gutane lykke til vidare!

Idrettslaget heldt årsmøtet sitt i Ungdomshuset 27. mars. Leiar Nils Ove Bruset kunne legge fram ei fyldig årsmelding som viser stor og god aktivitet i laget. Idrettslaget har om lag 240 betalande medlemmer.

Godt oppmøte på årsmøtet. Foto: Dordi J H

Bygg og anlegg

Idrettslaget har mange anlegg og bygningar: Bordholmen med klubbhus, Skihytta, Tjønnmyran med lysløype, gapahuk og hinderløype og Todalen ungdomshus. Dette medfører store utgifter til drift, vedlikehald og investeringar og er ei stor utfordring for idrettslaget. Heldigvis er dugnadsviljen i bygda stor. Anlegget oppå Tjønnmyrå er på det næraste fullført – prepareringsmaskin er innkjøpt og no skal det leggast torvtak på gapahuken. Men på Bordholmen er det stort restaureringsbehov framover. Kasserar  Michal Heimlund poengterte at det er viktig med god planlegging og å sørge for at finansieringa er i orden før prosjekta blir sette i gang.

Bruken av og aktiviteten i anlegga er stabilt god; siste året har det vore ei dobling av utleigeinntektene i Ungdomshuset – gledeleg!

Ved Bordholmen har det dei siste åra vore campingplass, no arbeider idrettslaget med å få til eit samarbeid med Todalen elveigarlag for drifta i 2019.

Eit stort prosjekt som er under planlegging, er Toåa tursti, der er det søkt om tippemidlar og alt neste helg er det basar.

Anders Gjeldnes la fram årsmelding frå fotballgruppa. Foto: Dordi J H

Økonomi

Rekneskapen for 2018 viser ei omsetning på 961 000 kroner med eit overskott på 259 000 kroner. Men overskottet er stort sett inntekter og tildelte midlar til Toåa tursti. I følge leiaren er det berre eit lite overskott, så det er viktig å få ned kostnadene og auke inntektene for å bygge opp kapital for framtidige investeringar og drift. Men det er viktig at vi har gode og rimelege tilbod til folk i bygda vår, sa Nils Ove. Den viktigaste inntektskjelda til laget er Todalsdagen.

Fotballgruppa, Ski- og friidrettsgruppa, Trim- og allidrettsgruppa

Idrettslaget har tre undergrupper som la fram kvar sine årsmeldingar. Todalen har eige knøttelag i fotball med heile 12 spelarar. Dei som er eldre, spelar på samarbeidslag med Søya, Surnadal eller Kvass/Ulvungen. Fotballgrupa har mange arrangement gjennom året for å få inn pengar, mellom anna har dei hovudansvaret for Todalsdagen. Leiar er Anders Gjeldnes.

Ski- og friidrettsgruppa har arrangert lagseriestemne, barn i løypa, hockey på isen på Bordholmen og familiedagar. Leiar er Gunnar Nordvik.

Trim- og allidrettsgruppa har 10 trimpostar i rundt om i bygda med 3863 noterte turar – godt for folkehelsa. «Kjerringdilten» ved Skihytta hadde 53 deltakarar, elles arrangerer dei romjulsmarsj, kveldsturar, er medarrangør av Trollheimsmarsjen, friluftsgudsteneste og Randone-helg på Kårvatn. Leiar er Jorunn Nordvik.

Nils Ove slo fast er utruleg god drift i undergruppene – fantastisk stor innsats blir lagt ned av styra!

Rune Moe (til venstre) la fram forslag frå valnemnda,  og John Moe var møteleiar. Foto: Dordi J H

Val

Rune Moe representerte valnemnda og valet gjekk raskt unna – mange av dei tillitsvalde tok attval. Men kasserar Michal Heimlund tok ikkje på att for to nye år; han fekk stor takk og ros for arbeidet han har lagt ned som kasserar av leiar Nils Ove. Michal har arbeidd mykje for å få eit oversiktleg og godt system for føring av rekneskap og budsjett.

Etter valet er styret i Todalen idrettslag slik: Leiar – Nils Ove Bruset, nestleiar – Steffi Bohle, kasserar – Jenny Stensby, sekretær – Elisabeth Kjos.

Fullstendig liste over tillitsvalde i Todalen idrettslag blir lagt ut seinare.

Nils Ove Bruset takka til slutt bygdefolk og sponsorar for alle god støtte og hjelp gjennom året 2018!

Nils Ove Bruset (til venstre) takka Michal Heimlund for godt utført arbeid. Foto: Dordi J H

Interesserte medlemer på årsmøtet til idrettslaget. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 28. mars 2019, 05:30