Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heftig på nyttårskonserten

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. desember 2022

Det blir tradisjonell nyttårskonsert på Surnadal kulturhus fredag 6. januar. Denne gongen også med utradisjonell gjestemusikar på bandoneón.

Koronaen har skipla litt i tradisjonen med nyttårskonserten med TrondheimSolistene. Men no er vi kome tilbake på rett spor igjen, og denne gongen med ei heftig sør-amerikansk overrasking. For gjestemusikar denne gongen er Åsbjørg Ryeng, og ho trakterer det argentinske trekkspelet bandoneón på ein slik måte at det vil gå varme ilingar gjennom kroppen på frosne nordmøringar.

Eller ikkje eigentleg argentinsk, for bandoneón vart eigentleg konstruert av den tyske instrumentmakaren Heinrich Band. Men da tyskarane «eksporterte» det til Argentina og Uruguay i 1880-åra, tok dei over eigarskapet og gjorde bandoneón-spelet til eit absolutt «must» for tango-musikken.

Men bandoneón er også vidfarande på anna vis; for «jødde me» du må ha lange armer for å dra ut dei lengste tonane.

Åsbjørg Ryeng. Foto: asbjorgryeng.com

Men nok om trekkspelbelgen, som sig ut langt meir enn andre belgar, sjølv etter inntak av feit julemat. Meir om musikaren:

Åsbjørg Ryeng starta allereie som ti-åring i Trondheim med å øve seg opp på bandoneón. Og øvinga har gjeve resultat, etter fleire studie her til lands og så i Argentina. Det har resultert i konsertar i Afrika, Sør-Amerika og mange europeiske land. Og no i Surnadal kulturhus.

TrondheimSolistene vil også denne gongen ha med seg elevar frå kulturskulane i Rindal/Surnadal og Sunndal, forutan at dei vil levere varene mutters åleine. Og det vil dei gjera med bravur, som ved tidlegare nyttårskonsertar. Eller, for å stele eit sitat frå ein klassikar: Dette blir «same procedure as every year»!

Først publisert: 30. desember 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 29. desember 2022, 18:15