I dag har Kløverstafetten mellomlanda i Todalen på sin tur som går landet rundt. Det er i høve 125-årsjubileet til NKS (Norske Kvinners Sanitetsforening) at denne landsdekkjande stafetten arrangerast, og no i dag var det altså Todalen sanitetsforening sin tur til å markere arrangementet. Stafettpinnen kom ved god hjelp av Tor Olav Vatn frå Talgø Tradbo og Nils Ove Bruset hos Talgø Bygg frå Straumsnes til Todalen i morgontimane torsdag.
I føremiddag var det høgtideleg overrekking da Nils Ove sendte stafettpinnen vidare med Ella frå Todalen barnehage til sanitetens arrangement i gapahuken i Båthølen. Leiar i Todalen Sanitetsforening, Maren Ansnes, fortalte at dette var starten på arrangementet i Todalen, og at ferda vidare til Båthølen gikk til fots eller med sykkel i ei slags togmarkering, der både gammel og ung var invitert til å delta i markeringa.
Ved gapahuken i Båthølen var det samling og enkel traktering med flotte fruktfat og yoghurt til alle som deltok, og det vart ei triveleg markering av NKS-jubileet før stafettpunnen skulle leverast vidare på si ferd. I dag ber det vidare til Surnadal, der Surnadal Sanitetsforening skal markere jubileet, før det ber vidare på ferda. Stafetten skal til slutt ende opp i Tromsø, der 125-årsjubileet til NKS skal markerast i samband med landsmøtet i slutten av september. Når det lir så langt har stafettpinnen vore innom alle landets sanitetsforeningar.
Nedafor finn du bildegalleri frå dagens stafettveksling. Den var behørig feira i gapahuken i Båthølen – her treffer du kanskje kjentfolk? Alle foto: Jon Olav Ørsal