Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hedrer Berta Haltbakk med utstilling

Hedrer Berta Haltbakk med utstilling

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. oktober 2009

Berta Haltbakk blir hedra med utstilling i Surnadal kulturhus denne veka.
Ein del av billedvevsarbda som Berta laga er no utstillt på kulturhuset i Surnadal. Utstillinga er opa fram til laurdag 31. oktober, med opningstid 12-18 kvar dag resten av veka.
Berta Røssum Haltbakk døde tidlegare i haust, 95 år gamal. Ho var gift med Magnor Haltbakk og kom til Bjørnerud i 1940, der ho bodde til 1965 da dei flytta til nytt hus i Buhagen i Surndal. Etter at ho var åleine, flytta ho til leilighet på Moan på Skei.
Berta heldt på med billedved frå ho var ca 50 år gamal og til ho måtte slutte på grunn av dårleg syn. Mykje av dei arbeida ho har laga er selt i lokalmiljøet, ho ha også gitt teppe som gåver både til kulturhuset og til sjukeheimen i Surnadal.
Ta turen til kulturhuset og sjå utstillinga, der er så absolutt verdt turen.
Les også på Driva.no

Først publisert: 24. oktober 2009, 17:38 - Sist oppdatert: 25. oktober 2009, 22:59