Bondelaga i Todalen og Surnadal delte i går ut utmerkelsar i til enkeltpersonar, lag, og bedrifter i Surnadal. Dette er ein landsomfattande aksjon, der lokale bondelag over heile landet kan utnevne sine eigne bondevenner, til dømes personar som bidreg til å løfte fram matproduksjon og landbrukets betydning for det norske samfunnet, skriv Driva.no.
Lista over dei som fekk kunne sikkert vore lengre i følge Bondelaga, men alle desse har gjort ein innsats for landbruket litt utover det ein kan forvente, seier leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen til Driva.
Dei som fekk utmerkinga er:
-Ingebrigt Moen, politikar og fagkonsulent i næringsavdelinga i kommunen.
– Frode Andresen, veterinær.
– Mons Otnes, ordførar.
– Eli Gulla, leiar for Indre Nordmøre Landbrukstenester.
– Surnadal Sparebank, ved Ola Krangnes, kunderådgivar landbruk.
– Driva avis.
Les heile saka på Driva: Utmerka til bondevenn eller Trollheimsporten: 6 nye bondevenner