Håvard Gjeldnes og Lisabeth Sæterbø toppar resultatliste for mosjonsløpet Ræta opp i år. Det gjorde dei også i fjor og i forfjor, med det er det slett ikkje sikkert at dei gjør neste år, for i herrklassen pusta Emil Ansnes i nakkan på Håvard Gjeldnes det meste av løpet. Men i innspurten vart Håvard sterkast og kom i mål 36 sekund før Emil. I dameklassen kom Lisabeth Sæterbø i mål 29 sekund før Ingrid Tangen som kom på andreplassen.
I herreklassen var det 25 deltakarar som kjempa om førsteplassen – som sagt var Håvard Gjeldnes raskast og fekk vinnartida 12.16. som mesta eit minutt lengre tid enn i fjorårets løp, men det kan ha årsak i ei lita endring i løypetraseen i år. Dette påvirka nok også tida til Lisabeth som i år fekk vinnartid 13.41 i dameklassen. Resultatlista finn du nederst på sida!
Men mest imponerende var nok deltakinga i Litj-Ræta som i år samla heile 112 deltakarar i den yngste klassen. Vi tykkjer faktisk det er imponerende at så mange som hadde delteke i fotballcupen bruka den korte pausen til å delta i Litj-Ræta med ein heil runde rundt løparbanen. Her var det full innsats på heile runden og målgange til utdeling av flotte gullmedaljer. Alle som deltok fikk velfortjent flotte gullmedaljer for innsatsen, og det var sjølvsagt stor stas.
Bildegalleri frå Ræta opp på Bordholmen under Todalsdagen – alle foto Jon Olav Ørsal