Forleden hadde Søya og Todalen Skytterlag årsmøte på Gammelfabrikken. Der vart Håvard Halset valt til ny leiar i laget, medan resten av styret fortsett, melder styret i laget. Søya og Todalen Skytterlag er ei samanslutning av dei to laga Todalen skyttarlag og Søya skytterlag, og dei har sitt baneanlegg i Ranheimssvingen på Kvanne.
Det nye styret i Søya og Todalen skytterlag ser slik ut etter årsmøtet:
Leiar: Håvard Halset
Kasserar: Tove Talgø Brøndbo
Styremedlemar: Odd Magne Haugen, Erling Talgø og Trond Stenberg