Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Håvard Gjeldnes med ny løyperekord i Ræta Opp

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. juli 2016

Håvard Gjeldnes og Henrik Hurdal kjempa heilt til målstreken om å kome først, men Håvard Gjeldnes trekte det lengste strået og sikra seg der med ny løyperekord på 11.18.22, medan Henrik Hurdal fikk offisiell tid på 11.18.56. På tredjeplass kom Geir Atle Røen i mål 13.10.12. I dameklassen var det Berit Mogstad som ikjje heilt uventa var først ute og dermed sikra seg seieren med tida 12.50.56.

DSC_1992

Berit Mogstad går i mål som vinner av dameklassen . Foto: Jon Olav Ørsal

NY deltakarrekord vart det også – tilsaman var det 127 som stillte på startstreken i MiniRæta og RætaOpp – dermed blir det ein god slump med pengar som samla går til dei to prosjekta «Min dag i dag» til Sanitetskvinnene og «Sjukt sprek». I tillegg var det mange som betalte inn penger til prosjekta som ei rein støtte til prosjekta.

Vi har laaga eit stort bildegalleri frå MiniRæta og RætaOpp.   Alle bilder: Ellinor Bolme og Jon Olav Ørsal.

Først publisert: 2. juli 2016, 13:37 - Sist oppdatert: 3. juli 2016, 11:10