Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hausttakkefest i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 16. oktober 2016

Søndag var det hausttakkefest i kyrkja, der 50-årskonfirmantane var spesielt inviterte. Hausttakkefesta er ei markering av at innhaustinga er ferdig og markerer at sesongen er ferig og det er tid for oppgjør.

berntvenas_5615

Det var sokneprest Bernt Venås som heldt gudstenesta og tema for dagens preken var hanta frå Folkeoppplysninga og spørsmålet om det er eit liv etter døden, der han konkluderte med at vi må let dei døde være døde og slå oss til ro med det.

Det dei fleste kanskje ikkje fekk med seg var at dagens gudsteneste var den siste i Todalen kyrkje med Bernt G. Bøe som organist.  Frå utgangen av oktober blir Bernt pensjonist, og no er stillinga lyst ut med søknadsfrist 25. oktober.

bernt-boe_5631

Ser vi alt antydning til at Bernt er lausare i snippen? Her kjem han ut frå kyrkja etter at siste ordinære gudstenesta som organist i Todalskyrkja er unnagjort. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi trefte ute på kyrkjebakkan etter gudstenesta, og han kunne fortelje at no var det slutt – etter 18 år i jobben som heiltids organist i Stangvik kyrkjegjeld. I Åsskard kyrkje starta han alt i 1975, og har dermed over 40 års teneste i jobben. I tillegg til organistjobben har han hatt ansvaret for kormusikken – mellom anna Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Men sjølv om organistjobben har famna dei tre kyrkjene i Stangvik prestegjeld har han hatt oppdrag i alle dei 8 kyrkjene i Surnadal og Rindal.

På spørsmål om kva han skal bruke pensjoisttida si til, gliser Bernt og gir uttrykk for at det blir ikkje noko problem. – Først har eg ein del skrivearbeid som ligg og ventar på å bli ferdiggjort og så har eg ein del musikk som det atår att litt på.  I tillegg satsar eg på å halde vedlike musikken og bruke kyrkjeorgla ein del. Vikarjobbar kan det også blir aktuelt å ta på seg.  Og så skal vi sjølvsagt fullføre jobben med kora og synge inn jula på skikkeleg vis i dei tre kyrkjene – og julemusikken skal også kome på CD og her skal opptaka gjerast i studio om eit par veker.

Eg vil også prøve å bringe vidar ein del av den erfaringa eg har opparbeidd gjennom 40 år i kyrkja. – Ein del kunne eg ha tenkt meg at det kunne ha vore meir av, og kanskje er det også ein del som skulle vore endra, sluttar organistveteranen som kanskje er den som har lengste teneste som kyrkjemusikar på Nordmøre.

kyrkjelyden_5620

Frå søndagens hausttakkefest i Todalen kyrkje. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. oktober 2016, 13:55