Hos Laila og gjengen på Kårvatn Fjellutstyr er sommaren definitivt slutt – no ryddar dei bytikken og lagar eit skikkeleg haustsal. Sjølv om det enno kan bli mange fine haustdagar så ordnar dei seg på ein ny vintersesong. Laurdag og søndag startar haustsalet og det varer heile neste veke fram til laurdag 10. oktober, og Laila reknar med at det blir mykje folk – for ho har mykje fine varer å by på – og gir opptil 80% avslag på enkelte varer!
Laurdag er butikken open frå 10-17 og søndag frå 12-16, og desse dagane byr ho på sal av kaffe og heimbaka marengskake. I neste veke er opningstida måndag, onsdag og fredag frå 10-16 medan det er langope frå 10-19 på tysdag. Forøvrig er det meldt bra vær til helga, og da kan du like godt kombinere handlerunden med ein tur til Tydalsnebba eller oppover mot Bjøråskaret – det er kjempefine haustfarger i fjellet no, lokkar Laila.
På «bellesalget» har dei som sagt mykje å by på, og lovar skikkeleg avslag på varene som no skal ut – vi kan berre nemne dun, klær , ski, sykkel, sko, telt og mykje meir!