Søndag 9. oktober klokka 13:00 inviterer Svinviks arboret til foredrag og kunstutstilling i arboretet. På programmet står: «Invasiv rododendron i Norge – hybridisering, tilpasning, utbrudd og tiltak». Populærvitenskapeleg foredrag med forskar Duncan Halley frå NINA, Norsk institutt for naturforsking. Kafeen er også open, og her kan du få kjøpt kaffe og eplekake. Klokka 14:30 opnar salsutsilling, med den lokale kunstnaren Sissel Halset Storslett, dørene i fjøset i arboretet.
Om temaet: Bekjemping av forvilla rododendron
Svinviks arboret er mest kjent for den store samlinga av rododendron, som i dag består av ca. 375 ulike typar (artar, kultivarer og hybridar). Mange kjem til Svinvika for å oppleve den storslagne blomstringa i hagen på føresommaren, men samlinga er også ei kunnskapskjelde når det kjem til forsking på rododendron.
Opning av salsututstilling
Klokka 14:30 opnar salsutstillinga til Sissel Halset Storslett dørene i fjøset i arboretet. Dette er ei salsutstilling med måleri som er måla av Sissel.
Salsutstillinga er i tillegg open: Måndag 10. oktober – torsdag 13. oktober i tidsrommet 16:00 – 18:00 og fredag 14. oktober – søndag 16. oktober i tidsrommet 12:00 – 18:00.
I tillegg er arboretet si sommarutstilling «Store lille verden» av fotograf Jörg Brunke fortsatt open. Den består av ein serie med makrofotografi av insekt og sommarfuglar, og har biologisk mangfald som underliggande tema.
Hagen er sjølvsagt open – og har no mange flotte haustfarger.