Laurdag 18. november kl 13 opnar salsutstillinga «Haustlys» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det 6 utstillarar som deltek på utstillinga og av lokale kjendisar er det todalingen Ingun Redalen White og surnadalingen Bjarne Stenberg som deltek. På utstillinga vil du få sjå ein herleg mix av billed-, keramikk- og tekstilkunst står det i pressemeldinga frå Surnadal kunstforening.
På opningsdagen vil det bli kunstnerisk innslag ved Songkoret Tormod. Utstillinga varer til søndag 3 desember, og årets 6 utstillarar på haustlys er: Bjarne Stenberg, Vittorio Rokseth, Ingun Redalen White, Tovelise Røkke-Olsen, Anne-Mette Kidmose og DUODU. Nedafor kan du sjå plakaten for salsutstillinga Haustlys.