Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustlys – Astrid lyser opp i haustmørkret

Jon Olav Ørsal Fredag 15. november 2024

Torsdag kveld opna Surnadal kunstforening si tradisjnelle førjulsutstilling «Haustlys». Det skjedde i Finstua på kulturhuset, og årets utstillar er Astrid Narvestad Wærdahl som i dag bur og har sitt virke som kunstner i Bøfjorden.  Astrid har budd rundt omkring i Norge og har flytta 20 gonger, men hun hadde sin barndom i Askim og si ungdomstid  i Kristiansand.  Sin bakgrunn som kunstnar har ho frå Bergen Kunsthåndverkskule i 1979 – 1983.  No bur ho altså i Bøfjorden og har sitt atelier der.  Det siste året har ho hatt eit engasjement på Amfi Kreativ i Surnadal.

Marit Elin Eid som er leiar i Surnadal kunstforening presenterte kunstnaren for publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Torsdag var det altså opning av «Haustlys», og etter som vi no er på veg inn i mørketida er det bra at vi har slike aktivitetar som kan være med å hjelpe oss gjennom mørketida. Det spesielle med kunsta til Astrid er akkurat at den bruker, og sprer lys på ein fin måte.  Astrid har bruka metallisk acrylmaling som gjer at motiva endrar seg etteer kva vinkel du ser dei frå.  Dette er vanskeleg i gjengi på foto, så vi anbefaler å ta turen til Finstua for å sjå utstillinga live. Det var mange som var med på opninga – tydeleg at lokale kunstnarar engasjerer publikum. 

Linda Eide opna utstillinga i Finstua. Ho var i Surnadal med forestillinga «Fosse for dumskallar» og kunne røpe at også Fosse hadde fjuska litt i faget som kunstmålar. Foto Jon Olav Ørsal

– Litt utradisjonell opning vart det også. det sørga Linda Eide for, da ho troppa opp på kulturhuset saman med sin musiker Sjur Hjeltnes.  Hjeltnes starta seansen og imponerte publikum på pianoet, før Linda Eide slapp til med opning av utstillinga etter at Marit Elin Eid hadde presentert kunstnaren.  Linda Eide var i Surnadal med si førestilling «Fosse for dumskallar» på kulturhuset seinar på kvelden.  

Frå utstillinga i Finstua – Foto Jon Olav Ørsal

Sjur Hjeltnes imponerte med ein trudelutt – Autumn Leaves (Haustblad) på pianoet, før Linda Eide slapp til. Foto Jon Olav Ørsal

Mange kom for å bli med på opninga av «Haustlys». Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. november 2024, 08:40