Start 4H runda av 2012-sesongen med haustfest søndag kveld. Den siste veka har nok vore travel for 4H-arane, for til haustfesta skal prosjektoppgåva vera ferdig, og dei skal lage utstilling til oppgåva. Det var lagt ned stor flid i utstillingane, og dei hausta mykje ros for gjennomføringa av prosjektoppgåvene, da Torill Sandnes frå Møre og Romsdal 4H delte ut merker og diplom til dei 15 som fullførte oppgåva.
Marte ønska velkomen og starta programkvelden med ein lysbildeserie med kavalkade frå aktivitetane i klubben det siste året. Den indikerte at sjølv om no har berre 21 medlemar, så har det hatt mange aktivitear gjennom året. Dei har hatt aktivitetsdag i Trondheim, 2 overnattingsturar ute, dei har delteke på kurs og 15 av medlemane har hatt ymse prosjektoppgåver.
Vidare på programmet var det skjetsar som gjengen hadde laga sjølv, og framføring av 4H-løftet og 4H-songen i felleskap der alle medlemane deltok. eit av høgdepunkta er nok utdeling av merke og diplom som bekrefting på fullført prosjektoppgåve. Vi vart også presentert for det nye styret, der Tore T. Roaldset er ledar.
4H-konsulent Torill Sandnes nytta høvet til å takke for seg i Todalen. Ho starta i Møre og Romsdal 4H i 1972, og har stått på barrikadane i 40 år, og vil frå neste år bli pensjonist. Torill har hatt mange turar til Todalen oppgjennom åra, og har mange gode minner frå kontakten med klubben og mange klubbledarar og klubbkontakter i åras løp. Og festlyden heidra Torill med skikkelg applaus for innsatsen ho har gjort i Todalen.
Etterpå var det tid for å takk og heider til klubbledarar og klubbrådgjevarar. Her vanka det både konfekt og blomster for innsatsen. Hanne Vaag gir seg no som klubbrådgjevar, men Jon Olav Roaldset fortsett, og får no med seg Ragna Kvendset. Kvelden vart runda av med kaffe og tilhørande tibehør og lotteri.
Her finn du bilde frå haustfesta som Start 4H arrangerte i Todalen Oppvekstsenter. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal