Skihistorie og fyndig språkbruk står på programmet for Senioruniversitetet for Indre Nordmøre no i haust. Det første møtet skal vere på det nyopna skimuseet i Rindal allereie onsdag 17.september kl 11:00. Mange har kanskje vore der og vorte imponert, men for dei av både rindalingar, surnadalingar og halsalendingar som enno ikkje har vore der enda er dette ei fin anledning til å oppleva museet. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og hyllkak – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.
Seinare i haust, 29.oktober, kjem språkforskar, ordbokredaktør, folkemusikar og sunndaling Tor Erik Jenstad. Nøyaktig tittel på det han skal snakke om, er ikkje avklart enno. Men mange kjenner Jenstad som ein fyndig og slagferdig språkforskar, så det blir sikkert også ei interessant økt. Detaljert infomasjon om møta følgjer etter kvart – men sett av dagen anbefaler Eivind Hasle.
Sjå plakat her:Skikultur og skihistorie