Sjølv om det enno er sommartid eit par veker til, så må vi nok bare innsjå at vinteren nærmar seg med stormskritt. Torsdag var det nysnø ned mot 3-400 meter og det var nyttig å kle seg litt ekstra da gradstokken nærma seg nullen. Yr.no melder at det framleis skal være «litt hustre», men etter kvart skal det bli litt mildare igjen.
10-dagersvarselet lovar ikkje akkurat nokon «indian summer», men vil nok halde snøen på litt avstand enno ei tid. Men det nærmar seg tid for vinterdekk, og det kan da vel være eit lurt trekk å gjera unna dekkskiftet før køen blir for lang. Torsdag var det snø eit godt stykke nedom Hauasetra, og snøgrensa vil nok etter kvart krype nedover.