Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haust- og førjulstid på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. oktober 2024

Det lakker og lir mot seinhaust og førjulstid, og det er faktisk tid for å tenkje på julemat og trivelege førjulsselskap med smaking både på det eine og andre.  På Todalshytta kjem den første lutefisken på bordet den 8. november som er ein fredagskveld.  Sidan vil det gå slag i slag framover mot jul – spesielt spennande vil det bli den 1. november når det inviteres til asiatisk aften med stor breidde i asiatisk mat – det går det faktisk an å gle seg til. 

Nedafor har vi sett opp ein oversikt over seinhaust- og førjulsprogrammet på Todalshytta.  Legg merke til at det er to lutefiskkveldar å velge mellom, og to kveldar med «Asiatisk aften» i tillegg til ein kveld med juletallerken.  Todalshytta tek også i mot bestilling på alle typar julebord – både juletallerken, julebuffet og fullt julebord.  Både store og små grupper er velkomne til julebordsfeiring, seier Arve Evensen som tek i mot bestilling på telefon 929 97 550

Julehøgtida nærmar seg med stormskritt – har med eit stmningsbilete frå fjorårets førjulstid på Todalshytta. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Oversikt over haust- og førjulsprogrammet på Todalshytta:

Asiaaften- buffe
Fredag 1. november      Kjøkken 17:00 – 21:00

Lutefiskaften
Fredag 8. november      Kjøkken  17:00 – 21:00

Lutefiskaften
Torsdag 14. november  Kjøkken 17:00 – 21:00

Asiaaften- buffe
Fredag 22. november   Kjøkken 17:00 – 21:00

Juletallerken
Lørdag 30. november   Kjøkken 17:00 – 21:00
Lady Louisas juletallerken uten pinnekjøtt
Lort Phillips juletallerken med pinnekjøtt

Her kan du laste ned oversikt over haustprogrammet

 

Først publisert: 22. oktober 2024, 07:00 - Sist oppdatert: 23. oktober 2024, 07:52