I dag vart Haukåbrua opna for trafikk igjen, etter at arbeidet med renovering av brua er avslutta og ferdigstillt. Brua har vore stengt for trafikk i nærare 2 månader, medan det er montert nytt rekkverk og utfør anna reparasjonsarbeid av BMO Entreprenør.
Mellom anna har det vore skade både på betongen og armeringa i brua, slik at arbeidet med renovering av brua vart meir omfattande enn som først var planlagt. No er imidlertid brua god som ny og vil nok halde for generasjonar framover. No er som sagt vegen opna og det er berre litt opprydding som står att.
Mannskapet som har jobba med brureparasjonane skal no til Sunndalsøra og gjera tilsvarande reparasjon på Tredalsbrua som går over Litldalselva på Romsdalsvegen – eit arbeid som vil pågå fram til ferien.