Måndag starta arbeidet med reparasjon av Haukåbrua. Haukåbrua vart bygd på slutten av 1950-talet, og no er tida komen for litt omfattande vedlikahald. Brus skal no få nytt rekkverk, samtidig som det skal utførast reparasjon på sjølve brua, som har vridd seg litt. Dermed er det behov for å jekke opp brua og skifte til nye lager på den over 60 år gamle brua som vart bygd etter at gammelbrua reiste med flaumen på slutten av 50-talet.
Det er BMO Entreprenør som har fått jobben, og frå i dag og til 28. februar er brua stengt for all trafikk medan restaureringsarbeidet pågår. Det er Asbjørn Myrkaskog og Jan Erik Åberg som skal utføre arbeidet, og dei håpar på brukbart vêr i perioden, da dei er avhengige at vassføringa ikkje blir for stor medan dei har bruk for stillas. Dei to kjem frå Vestlandsavdelinga til Kongsbergfirmaet BMO Entreprenør som er lokalisert til Voss. Dei har kontrakt om vedlikehald på alle bruer på fylkesvegane i fylket.
Dei startar no arbeidet med å fjerne det gamle rekkverket som har tildels store rustskader. Til dette arbeidet bruar dei pistol med vasstrykk på opptil 2500 bar til å knuse sementen og få laus det gamle rekkverket. Poenget med å bruke vanntrykk er at dei skal knuse sementen, men ikkje armeringa. Armeringa skal brukes i fundamentet for nytt rekkverk som skal støypes fast til brua.
Som sagt er Haukåbrua stengt fram til 28. februar, og i denne perioden er det skilta omkøyring. Dette fører til at både skulebussen og Posten må endere kruta si i denne perioden.
Asbjørn Myrkaskog er forresten ivrig droneflygar, og da har vi sjølvsagt ordna oss med nokre dronebilder frå arbeidet med Haukåbrua – og kanskje kjem det fleire etter kvart?