2. påskedag – måndag 2. april er inviterer soknerådet på tradisjonell friluftsgudsteneste på Haugligardane. Tradisjonelt brukar det å være godt vêr, og det ser ut til at vêrgudane står oss bi i år også, seier Anders Gjeldnes i Todalen Sokneråd. Liturg er sokneprest Kristin Strand.
Det meldes faktisk nokre små byger på formiddagen, men det ser ut til å bli bra vêr under gudstenesta som startar kl 12.00. Søndag har soknerådet køyrt ut bord og benkar og laga akebakke til dei minste. Som vanleg stiller trimgruppa opp med storgrillen, og sørger for grilla pølser og saft til heile gjengen.