Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hasteforskrift mot utsetjing av saltstein og fôr til hjort og elg

Elinor Bolme Torsdag 14. juli 2016

Mattilsynet har no innført forbod mot å legge ut fôr, samt å henge opp saltstein til elg og hjort. I forbindelse med sjukdommen Chronic Waisting Disease (CWD) har Mattilsynet laga ei hasteforskrift som gjelder frå å med 11.juni og ut året 2016.

Forskrifta omfattar inn- og utførsel av hjortedyr over fylkes- og landegrenser, men det er spesielt § 6 som alle jaktlag, viltforvaltere og beitebrukarar må merke seg:

  • 6 Forbod mot fôringssteder og slikkesteinar : Det er forbudt å leggje ut fôr og slikkesteinar til hjortedyr som ikkje er inngjerda eller på annen måte blir held fysisk adskilt frå andre mottakelige dyr.

Det er ikkje forbud mot å leggje ut saltslikkestein til sau, geit og storfe. Mattilsynet sentralt har fått fleire henvendelsar etter gårdsdagens pressemelding frå kommunane og ønsker å korrigere litt utydelege formuleringar som har skapt forvirring.

Forbodet gjeld i følgjande fylker: Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland, Buskerud. Forbodet mot slikkesteiner gjeld kun for steinar som blir lagt ut etter forskriftas ikrafttredelse.

Her er nokre linkar til saka:

Regjeringa.no

Miljøkommune.no

Opdalingen.no

 

 

Først publisert: 14. juli 2016, 19:20 - Sist oppdatert: 15. juli 2016, 13:56