Måndag var det meldt storflo med mellom 40 og 80 ca høgare vannstand enn vanleg. Med stormvarsel frå Stadt til Helgelandskysten i tillegg kunne det har vorte skikkeleg stormflo i 10.30-tida i dag. Stor flo var det, men vi har nok hatt mykje høgare målingar ved tidlegare høve.

Eit yrande fugleliv i flomålet på Kvennsetøran. Øverst til høgre i biletet ser vi floa i forhold til husa i Furuhaugen. Foto: Jon Olav Ørsal
Sørvestleg vindretning gjorde nok at stormen gikk forbi på ytre strøk denne gongen, og i Todalen har det gjennom dagen vore lite vind. Høg flo denne veka er knytta til månefasen vi er inne i, med fullmåne tysdag 17. desember. I Kristiansund var floa i dag 56 cm over normalt nivå. Tysdag er det flo kl 11.04. Det er og tidspunkt for måling i Kristiansund, og i Todalen er nok floa på sitt høgste eit kvarters tid seinare.

Ved Hageland og Byggmakker i Surnadal var det ein stor halvmeter att, før floa nådde parkeringsplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalsøra såg slik ut frå Kvennset. Det er ikkje så mykje som skal til før handelsmann Nordvik blir våt på føtene i kontoret i kjellaren på Nerbu! Foto: Jon Olav Ørsal