Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har samla historia om lakselordane på Nordmøre

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. desember 2018

Tommy Fossum har gjennom heile livet sakna ein samla presentasjon av historia om lakselordane og ladyene på Nordmøre i «Engelsktida» frå midten av 1800-talet til midt på 1900-talet.  – Til slutt vart irritasjonen så stor at han sette i gang arbeidet med å samle informasjon – bilder, historier og informasjon kven dei var, kvar dei kom frå og kva dei heldt på med her.

Tommy var ikkje meir enn 12 år da han tok til å samle historisk malteriale – han var ein typisk samla, og venene han tykte at han var ein raring som heldt på med slikt. Men det tok heilt av på den tida da han var produsent for «Lady’n». Da sette han fortgang på arbeidet og bestemte seg for å fullføre dette arbeidet.  På seinhausten gikk boka i trykken, og no er ho komen i butikkane.

Tommy Fossum fortalte at Ethelbert Lort Phillips er ein av dei engelske «lakselordane» som har sett mest spor etter seg. Foto: Jon Olav Ørsal

Onsdag var Tommy Fossum på onsdagtreff i Surnadal kulturhus og heldt foredrag om arbeidet med boka og presenterte resultatet for deltakarane på onsdagstreffet. Fossum har jobba både lokalt på Nordmøre og han har reist rundt for å «grave» etter informasjon, bilder og for å intervjue etterkommarar og slektningar for så å sy dette saman til ei praktbok som inneheld akkurat den historikken vi har sakna frå engelsktida. Mange av engelskmennene har vore dyktig til å fotografere og skrive loggbok om si verksemd her på Nordmøre, medan andre har fjerna nærast alle spor etter seg.

Fossum har fått med historia frå dei første engelskmennene starta med ørretfiske på Kongsvoll og Dovrefjell, via Sunndalen med Ethelbert Lort Phillips og Lady Arbuthnott, Bromley-Davenport-familien på Fiva og John Guest på Syltebø i Romsdal. I Surnadal starta eventyret tidleg på Nestu Harrang og det går mange historier om klepparen Gammel-Pe Røv. Vidare er vi kjent med Sandeman på Gulla gård og Mustersfamilien residens på Årnestrøa og på Valuen. 16 sider i boka omtalar Ethelbert Lort Phillips, so kanskje har sett mest spor etter seg på Nordmøre. Forutan Todalshytta eller Phillips House i Todalen hadde han 6 tilholdssted på Indre Nordmør. I tillegg var det fleire plassar både på Nordmøre og i Romsdal som var prega av engelsktida.

Tankar ein sit med etter å ha hørt kåseriet til Tommy Fossum og bladd litt i boka, er at det er rart at det ikkje er marknad for å få engelske «lakselordar» til å kome til distriktet i dag. Rett nok er det mange ting som er endra, med mindre lakseinnsig frå havet og regulerte vassdrag, og kanskje andre årsaker. Men likevel er det rart – kanskje finn ein svaret når ei les boka?  Den er til sals i bokhandlane i distriktet, og her i Todalen er boka å få kjøpt hos Matkroken Todalen – og den kostar kr 369,- !

Etter kåseriet var det høve til å kjøpe boka og få den signert av forfattaren. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 5. desember 2018, 17:36