Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har ordna seg med hobby på høgt nivå

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2025

Torgeir Mikkelsen og Jan Nordvik Bruset har orna seg med ein skikkeleg hobby, og vart faktisk norgesmeistrar da deltok i NM i bygging av lydanlegg. Dei sikra seg 2 førsteplassar, 1 andreplass og 2 tredjeplassar da dei deltok i NM som var avvikla på Norsk Vegmuseum på Lillehammer. Dei kallar seg «Team Vaskapukk»

Jan Nordvik Bruset med NM-pokalen for traktorens lydanlegg – her vart det 1 førsteplass og 2 tredjeplassar. Foto Jon Olav Ørsal

Det høyrest kanskje ut som ein veldig dyr hobby, men det nektar dei to lydbyggarane for. Dei  fortel at det er ein kriteria at det ikkje skal koste for mykje.  Torgeir og Jan er lidenskapeleg hobbybyggarar, og fortel at dei har stor glede i hobbyen sin og dei gode resultata frå NM er med og stimulerer til å satse vidare mot EM som er i Salzburg i Tyskland. Det skal skje i mars 2026, og det ligg nok mykje arbeid i å bygge opp bilen til å delta der – det gleder vi oss skikkeleg til.

Torgeir og Jan framfor traktoren – litt av eit lydanlegg i traktoren. Foto Jon Olav Ørsal

På NM stilte dei med ein traktor og ein van som dei har jobba mykje med det siste året.  Dei har forresten delteke i fleire utstillingar det siste året, mellom anna på Tynset, i Surnadal og på Steinkjer – i tillegg har dei stilt ut på Tretten i Gudbrandsdalen, der dei var 1 av 3 beste van på Tretten Truckfestival. Vi er eit team som held på med dette, og i tillegg til oss to er Håkon Sæterbø og Peder Mauset med som hjelparar og medeigarar.

Frå førarcabin i vanen – foto Jon Olav Ørsal

For traktoren fekk vi 1 førsteplass og 2 tredjeplassar. For van vart det 1 førsteplass og 1 andreplass.  Torgeir og Jan er stolte av resultatet dei har oppnådd, og det er lett å sjå at resultatet har ikkje vorte av seg sjølv – det ligg enormt med arbeid bak eit slik resultat.  Men dei to tykkjer det er art med ein slik fin hobby, og no gler dei seg til å starte på førebuingane for EM i Salzburg til våren.

Med full guffe her så oppnås rundt 140 desibel – da rister du nok laus ørevoksen? Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 15. september 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 14. september 2025, 16:44