Anders Mo har ikkje hatt kontakt med hunden sin, shibaen som lyder namnet Natiri. Siste kontakt var da dei skulle ha drikkepause i elva mellom Litj-fjellet og Blåfjellet på tur opp til Vassnebbvatnet. No er Anders spent på kvar hunden har teke vegen eller kva som har skjedd med hunden.
Anders trur at ho har teke vegen over til Ålvundeiet, og ber difor folk som ferdast i fjellet på den sia om å være litt på vakt. Det skal være lett å sjå hunden, som er kledd i grått og orange dekken med telefonnr og namn på. Anders ber om at det blir teke kontakt dersom nokon treffer på Natiri – enten det er på fjellet eller andre plassar.
Natiri er glad i folk og tek gjerne kontakt når ho treffer folk. Hunden kom bort da dei var på tur sist søndag, og Anders har leita grundig i området der ho var borte, men ikkje sett snurten av hunden. Anders og blandingshunden Sira saknar Natiri som har vore borte ein gong for eit par år sia. Den gongen vart ho skremt av torevêr, og hadde gjøymt seg heime.