Fredrik Sjøflot er ein av pionerane når det gjel bruk av elbil, og kanskje den første i Surnadal kommune. Han kjøpte nemleg sin første Think elbil i 2001, og har altså «gått på strum» i 13 år. No har han sin bil nummer 2, ein Peugeot. Men den første elbilen kom til Noreg alt i 1903, og ute i den store verden kom elbilar på slutten av 1800-talet. Satsinga på elbilar i stor stil kom først på 2000-talet og faktisk dei siste åra etter at satsinga på ladestasjonar starta.
I helga var det elbildag på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden, der Einar Oterholm heldt foredrag om historia til elbilen. Den var heilt annleis enn vi trudde, og elbilen hadde faktisk 1/3 av bilmarknaden rundt 1900, og konkurrerte da med damp- og bensindrevne bilar. Bilmarknaden var nok ikkje så stor den gongen, men dårleg tilgang på strum varnok eit problem. Da vart det også betre tilgang på bensin som drivstoff og Henry Ford tok nok knekken på elbinane med T-Forden sin. Dette kan du lesa meir om på Driva.no