Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har ikkje gløymt gamle kunster – lagar bord & benkar

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2024

Dei 5 Talgø-pensjonistane har ikkje gløymt gamle kunster.  Onsdag hadde dei «okkupert» PU-avdelinga på Talgø, og var i full gang med å montere bord & benkar som skal brukast rundt omkring i bygda.  Her var det serieproduksjon, med boring og skruing og «vegvesenbenkane» kom ut på løpande band.  Eit tjuetal benkar stod på produksjonsplana, og dei var kappa og lagt på pall ein dag tidlegare, og no hadde dei vore ein tur til Surnadal for å bli royalbehandla.  Dermed får dei vel mesta evig liv  – iallfall blir det nok 25 års råtegaranti, kommenterer snekkarane.  

Montering av bein og understell – Kristian Gjeldnes og Knut Halset. Foto Jon Olav Ørsal

Prosjektet kom i gang på grunn av at dei gamle bord & benkane har behov for utskifting på grunn av både råte og andre skadar.  Dermed vart det eit samarbeidsprosjekt, der Talgø MøreTre lova å sponse materialar og Todalen I.L. sponsa skruar og beslag og Talgøpensjonistane tok på seg arbeidet med å lage og montere benkane.  I utgangspunktet var det planlagt at benkane skulle være klare til 17. mai-frukosten på Bordholmen, men no er dei nok klare til påske.  Kanskje det blir premiere på friluftsgudstenesta på Tjønnmyra i påska? Benkane skal høyre bygda til, og skal kunne nyttast til alle typar arrangement rundt omkring i bygda.

Einar Husby drif med forboring for boltane som skal haldesaman bord & benkar. Foto Jon Olav Ørsal

Seteplater til benkane blir montert – Anders Todalehaug og John Moe. Foto Jon Olav Ørsal

Monteringsarbeidet pågikk i PU-avdelinga til Talgø – foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 13. mars 2024, 11:10