I ein månads tid har Anna Kashtyper jobba på Matkroken Todalen som eit ledd i prosessen med å trene i å snakke norsk. Anna har nemleg gått på norskopplæring i vinter, og no gjeld det å få trening i å bruke språket. Anna tykkjer at språket er litt vanskeleg, for ho må forhalde seg til bokmål i norskopplæringa på skulen, medan kundane oftast brukar dialekt.
Derfor har ho vore praktikant i butikken til Matkroken Todalen, og har her hatt eit nært samarbeid med Mari og Jorid for å få best mulig øvelse i bruk av språket, samtidig som hun har jobba i butikken og vore til allsidig hjelp for kundane. Etter kvart som Anna har vorte «varm i trøya» har ho den siste tida trena på jobben i kassa, der ho kjem i enda nærare kontakt med kundane. Her har ho hatt med seg Mari Redalen som mentor og læremeister den siste tida. – Anna har vorte flink i kassa, seier Mari som også gir skryt til Anna for å være blid og hjelpsam for kundane .
Anna og familien har bodd i Todalen i halvanna år no, og trives godt her – ikkje minst trives borna både her i Todalen og på skulen der dei har vorte godt integrert og fått mang venner. Til påske er Anna ferdig med språktreninga på Matkroken, men vi vil nok treffe ho att som ekstrahjelp/vikar i butikken utover våren og sommaren, seier Mari til slutt.