Hennie Kvendset Fiske er ny laurdags- og søndagshjelp på Matkroken i Todalen. For deg som ikkje kjenner Hennie så kan vi fortelje at ho har mykje todalsgener i seg, men ho har vakse opp på Kvanne – nærare bestemt i den gamle doktorbustaden der dr. Folsland heldt hus. Hennie skal være laurdagsvikar og ha kioskope enkelte søndagar – og så er det plana at ho skal være sommarvikar når det lir så langt.
No går ho andreåret på Surnadal vidaregåande der ho er å finne på linja studiespesialiserg, og når vi prøvar å få ho ut på glattisen med seinare studieretning, så røpar ho at ho har lyst til å jobbe med barn eller oppvekst, og da kan det nok bli både barnehage, skule eller kanskje andre ting – tida får vise. Ho tykkjer det er godt å tene nokre kroner ekstra, og da er det sjølvsagt stas å få fast jobb som passar saman med skulegongen. No på nyåret er det også mykje heimeskule på grunn av koronasituasjonen og smittefaren og da tykkjer Hennie at det er godt å kome ut og treffe folk. – Eg er egentleg veldig sosial av meg og har stort behov for å ha folk i rundt meg, smiler Hennie.
Når vi snakkar om gener så har ho slekt frå begge sider som kjem frå Todalen – på morsida er det frå Skogen i Sissigrenda og på farsida frå Utigarden på Kvendset, der bestemor Liv kom frå. Og i tillegg har Hennie faktisk gått eit år på skulen i Todalen. Det var i fjerde klasse, medan dei restaurerte lokala til Stangvik skule for nokre år sia. No blir altså Hennie å treffe på Matkroken i Todalen på laurdagar og på kioskope på søndagar…..